Drivstoff for 10 øre kilometeren

Det er berre å slå det fast først som sist: Det er utruleg rimeleg å kjøpe drivstoff til elbilen. Det er to grunnar til det. Samanlikna med bensin er straum svært rimeleg, og ein elektrisk motor nyttar drivstoffet mykje meir effektivt enn ein bensinmotor. I den siste går faktisk 75% av den kostbare bensinen rett ut i atmosfæra som varme slik at berre fjerdeparten vert nytta til å drive bilen fram. Det er ei god oppleving å legge kilometrane bak seg i ein elbil og vite at turen er nesten gratis. Dei 30 km tur/retur til arbeidsplassen min kostar med dagens straumprisar omlag 3 kr i drivstoff! At eg i tillegg har spart 54 kr i bompengar blir rein bonus.