Juli 2001 Nr.1 Årgang 1

Nederst på siden:
kjørestatistikk og regneskap

Til startsiden


"..og har som mål i livet å kjøpe seg en Think"

Vi har no hatt Thinken ein månad og er svært godt fornøgd. Den gamle Caravellen har vorte bil nummer 2, og vi ser alt no at den truleg vil bli køyrd relativt lite ut gjennom året. Nett no har den motorhavari, og vi har berre Thinken. Det har gått overraskande bra, men vi ser også at dersom vi hadde hatt berre den, ville vi fått ein del avgrensingar også i køyringa. 

Hovudinntrykk

  • Snerten og lettkøyrd
    Det som vi særleg har merka oss denne månaden, er at bilen er utruleg grei til småkøyring. Sjølv om den verkar stor inni, er den faktisk berre knapt 3 meter. Dermed smett den fram stort sett overalt. Sjølve køyreteknikken er også enkel, mellom anna det at farten kan reduserast svært enkelt med gasspedalen også i køkøyring.
  • God bagasjeplass
    Den gode bagasjeplassen og den store bakluka er også praktisk på ein nærtrafikkbil. Enten det er kalk og gjødsel til hagen, varer frå Rema eller bagar som skal fraktast, er det god plass og det er greitt å laste inn.

Dei små ting

  • Instrumentbord
    Bilen har ryddig og grei instrumentering med god oversikt. Ein fin detalj er at mange av brytarane er plassert oppe på dashbordet. Dermed ligg dei i synsfeltet. Desse skulle imidlertid vore felt ned omlag ein centimeter, eventuelt kunne det vore bygd ein liten kant rundt. Dette fordi det er vanskeleg å sjå om dei lyser i sterkt motlys. Girspaken er noko for seg sjølv. Det er ein stor elektrisk vippebrytar på dashbordet, så det går kjapt å skifte frå revers til å køyre framover! Ein annan nyttig sak er varmetrådar også i frontruta. I små bilar verte det lett dogg når ein set seg inn med våte klede. Varmetrådane fjernar dette kjapt. 
  • God oversikt
    Detaljen med at heile bakluka er i glas, er faktisk ganske nyttig. Når det ikkje er baksete, får ein svært god oversikt bakover, og dette bidrar til auka trafikktryggleik ved rygging. Flott! Det er store dører som gjer det lett å stige inn og ut. Det er god plass i setene også for lange personar, og førarmiljøet er luftig slik at det verkar som ein sit i ein større bil. Etter mange år i minibuss saknar eg dei store og gode utespeila. No finn ein ikkje dei på andre småbilar heller, men speila burde vore elektrisk justerbarre. Eit lite irritasjonsmoment er at det i regnvêr kjem eit par dropar på setet når ein opnar døra. Ein verkeleg fiks detalj er vindusspylardysa som sit på viskaren. Strålen med spylarvæske følgjer altså viskaren rundt. Det er faktisk svært effektivt! 
  • Lading
    Lading har gått heilt OK. Det fungerer svært greitt og liketil. Det er støy frå ei vifte første del av ladetida, deretter slår den seg av. 

 

Køyrestatistikk og reknskap 

Lengste køyring på ein dag er 142 km. Dette er gankse langt, men det er faktisk uproblematisk å køyre ein god del lenger. Når det gjeld lengste på ei lading som er 77 km, kan ein klart køyre lenger. Eg fekk mail frå ein på Østlandet som hadde sett ny personleg rekord med 126 km på ei lading! Men for meg som køyrer ein god del i 80-sone, er slike lengder ikkje realistiske. Som ein tommelfingerregel, kan ein seie at 60-70 km er uproblematisk uansett køyremønster. Skal ein lenger på ei lading, må ein tenke seg om, særleg dersom mykje av køyringa foregår i 80-sone. Her må det også skytast inn at batteria ikkje når full kapasitet før etter ei tids bruk, og mine erfaringar er frå heilt ferske batteri.

Køyrestatistikk 
Juli 2001

Juli 2001

Totalt 2001
(frå 12.juli)
Kjørelengde totalt
   snitt pr. dag
Lengste på en ladning
Lengste på en dag
1 424 km
65 km
77 km
142 km
 1 424 km
65 km
  77km
142 km
Regnskap 
Juli 2001

Juli 2001

Totalt 2001
(fra 12.juli)
Strøm (ca)
Parkering    
Rekvisita     

Forsikring
Service/dekk
Reparasjon/vedlikehold

 142 kr
15 kr
  0 kr

  2 870kr
0 kr
0 kr
 142 kr
 15 kr
0 kr

 2 870 kr
0 kr
0 kr

Minner om at det er penger å spare på å skifte strømleverandør. Skifte gir meg gratis strøm til kjøring t/r arbeid det neste halve året! Se artikkelen "Rimelegare enn dei store".