Juli 2001 - Juli 2002

Nedst på sida:
køyrestatistikk og reknskap

Til startsida


"..og har som mål i livet å kjøpe seg en Think"

Første år med Lillemarius

Eit godt år

La oss slå det fast; det har vore eit godt år, - overraskande godt! Lillemarius har vorte vår bil nummer ein, og den er familiens desiderte favoritt også blant ungdomen. Det er ein snerten og lettkøyrd bil, som er  liten utvendig og stor innvendig. Bergen har kome nærare, for den psykologiske barrieren som bompengane på brua representerte, er borte. Dieselrekningane er mindre og kjem sjeldnare, og vi gler oss over mindre sut for rust og generelt vedlikehald. På den andre sida fører kulde til reduksjon av køyrelengda. Dette er i sum dei viktigaste inntrykka etter første år.

Køyrestatistikk

Gjennom året har Lillemarius køyrd 22 183 km, noko som tilsvarar i gjennomsnitt 61 km/dag. Det er meir enn forventa. Verd å merke seg er også at køyring til og frå arbeid utgjer mindre enn tredjeparten av dette. Gjennom året fordeler køyringa seg slik:

Som vi ser er sommaren høgsesong og mars representerer minimum. Dette skuldast ikkje klima, men ulik trong for bruk av bil. 

Maksimum distanse på ein dag er 155 km, og i 9 av månadane er denne over 120 km. Denne talet kunne lett vore høgare, men dette er resultat av vanleg køyring, ikkje rekordforsøk. Lengste på ein lading er 86 km, men eit rekordforsøk ville lett gitt over 100 km.

Her følgjer i rangert orden nokre faktorar som reduserer køyrelengda på ei lading:

  1. Varmeapparat når det er kuldegrader
    Når temperaturen kryp under null, vert varmeapparatet ein straumslukar. Eg har ofte køyrt ei strekning på 62 km også i kuldegrader. Det går, men då er det relativt kjølig i bilen. Dei som frys lett, har trong for lange store køyrelengder kvar dag eller bur i kaldare strok, bør vurdere parafindrive varmeapparat som er å få som ekstrautstyr. 
  2. Køyrestil
    Mjuk køyrestil der ein ser langt fram burde vore eit ideal for alle bilistar. I ein elbil vert dette automatisk ein del av stilen. Det er også viktig å ikkje presse bilen i motbakkar.
  3. Fart
    Det er stor forskjell på straumforbruket i 60 km/h og i 80 km/h.
  4. Våt veg
    Dette er det mest overraskande. Våt veg stel ein del straum (og bensin). Det er ikkje dramatiske utslag, men klart merkbart. 
  5. Vind
    Med- og motvind merkast. 

Min tommelfingerregel er at sikker køyrelengd er 70 km som vert redusert til 60 km på kalde dagar. På fine dagar med lite 80-sone er rekkevidda ein god del lenger, og på dei verste vinterdagane med vind, snø og kuldegrader vil den vere enda kortare. 

Rekneskap

Bilen har kosta meg rundt 7 000 kr dette året. Rettnok er det då ikkje take med utgifter til årsservice på omlag 2 500 kr, for det vart betalt for tre års service ved kjøp av bilen, og heller ikkje renter og avskriving. Men likevel, - dette er råbillig! Her nokre kommentarar til rekneskapen:

  • Straum   2 218 kr
    Eg har rekna 10 øre pr. km. Dette er 10-20% for lite med dei straumprisane vi har i dag, og med bruk av elektrisk varmeapparat. Men det vert litt gratislading her og der, og det veg opp og meir til.
  • Forsikring  2 870 kr
    Billig!
  • Ladeservice   1 350 kr
    Dette er for tre ladeservicar, den fjerde vart lagt inn i årsservicen.
  • Rekvisita  170 kr
    Ei lampe 60 kr (kunne fått den til 20 kr på Biltema), spylervæske 30 kr, avfettingsmiddel 80 kr
  • Parkering 595 kr
    Denne posten skulle nok vore høgare, for det er vanskeleg å halde styr på dette når mange brukar bilen. Mykje er parkering som vi likevel måtte betalt, mellom anna på Flesland, og i Bergen sentrum. Det er utruleg kor mykje dette blir for ein bil i løpet av eit år! Men ein god del er for å få lading i Bygarasjen. Truleg er dette beløpet åleine på omlag 500 kr. Dette viser kor viktig det er å få lading på gratis parkering i sentrum! Men her må eg minne om at vi har stått mykje på gratis parkering i sentrum også. Dersom vi hadde hatt ein vanleg bil, ville parkeringsutgiftene totalt sett vore høgare.

Finnes det skjulte kostnader? Ja, etter 120 000 - 150 000 km må batteria skiftast, og det vil etter dagens pris koste 50 000 kr. Derfor burde eg sett av 500 kr kvar månad eller 6 000 kr i året får å møte denne kostnaden. Eller skal vi satse på at det ikkje blir andre reperasjonar på bilen om 6-8 år slik at vi kan forsvare å ta utgifta når den kjem? 

Eg hadde tenkt å lage eit rekneskap over det ein vanleg ny bil hadde kosta meg, altså kva eg har spart. Men eg tek ikkje bryet, for forskjellen er innlysande svært stor. Berre i bompengar ville eg kome opp i rundt 15 000 kr. Eg rygga på eit stillas, og på Thinken spratt bulken ut igjen, det er uråd å sjå noko som helst merke. På ein anna bil hadde det sikkert vore oppunder 10 000 kr i oppretting og lakkering. Årsavgift er det ikkje på ein elbil, - lista er lang. Reint økonomisk stiller denne bilen rett og slett i ein eigen divisjon.

Minus

Bilen har sjølvsagt svake sider som er openberre for alle; den er ein toseter og den har avgrensa rekkevidde. I dagleg bruk er likevel dette til mindre til bry enn venta. Det er eigentleg overraskande kor mykje køyring som bilen dekker, noko som total køyrelengd også viser. I starten var eg skuffa over at det er relativt mykje støy ved marsjfart. Etterkvart legg ein ikkje merke til dette, og eg gler meg heller over den lydlause køkøyringa. Bilen har vore inne til tre serviceladinger, og då må den være inne eit døgn. Dette er eit lite heft, men til å leve med. Dermed står vi igjen med eitt verkeleg minus, og det er avkorting av køyrelengd ved kuldegrader. Ein kald og forblåst vinterdag, kan det vere problem å nå tur/retur Bergen sentrum utan lading. Men slike dagar er no eingong sjeldne, og problemet kan i stor grad avhjelpast med parafinvarmar.

Pluss

Her kunne mykje vore nemnt, men eg avgrensar meg til følgjande. Bilen er svært gunstig økonomisk sett. Den er liten, snerten og morosam å køyre, men likevel romsleg innvendig. Den er trafikksikker. Fritak frå bompengar har fjerna den psykologiske sperra som har vore mot å køyre til Bergen. Bilen har identitet og "human look". Den vekker positiv merksemd og du får venner, noko som den nystarta "Bergen Thinkers" viser. Les elles gjennom dei ulike månadsrapportane, her er mange fleire poeng nemnt. Til slutt ein honnør til Ford i Bergen for god service!

Miljø

Nokre har kanskje lurt på kvifor miljø ikkje er tema i denne dagboka. Det er fordi eg heile tida har hatt tru på at denne bilen er konkurransedyktig på eigne premissar. Det bør den vere, for dessverre er kampen mellom komfort og lommebok på den eine sida og miljøet på den andre, ein ulik kamp. Think er eit godt kjøp, det har denne dagboka vist. For meg er likevel kamp for miljøet viktig. Som forbrukarar vert vi lurt til å søke lukka der den ikkje er å finne til ein pris som er for høg til at vi bør betale den. La oss verne om miljøet! 

Er så elbilen miljøvennleg? I bykjernen er den utvilsamt det, for her er eksos eit svært stort helseproblem. Men kva med drivhuseffekt og global oppvarming som kjem av fossilt brensel? Dersom straumen kjem frå vasskraft er elbilen utvilsamt miljøvenleg. Men kva om straumen kjem frå importert gasskraft? Likevel er den mykje meir miljøvenleg enn ein bensinbil. Årsaka er enkel: Virkningsgraden for ein bensinmotor er omlag 25% (diesel 35%). Dersom du fyller 40 liter på tanken, gjer 10 liter nyttig arbeid, dei resterande 30 liter går rett til varme. Køyrer du 20 000 km eit år vil du fylle omlag 1 600 liter bensin på ein småbil, og av dette vil 1 200 liter går rett ut i lufta som varme. Det er meir enn du treng til oljefyren i ein einebustad! I ein elmotor er den teoretiske virkningsgraden til samanlikning over 90%. Det vil vere litt tap her og der til lading og anna, og det har ikkje lukkast meg å få tak i reell virkninsgrad for Think. Men reknar ein forsiktig, kan ein seie at det er omvendt av bensinbilen, altså 25% går tapt og 75% går til nyttig arbeid. Truleg er dette talet betre. Det er denne vanvittige sløsinga i bensinmotoren som gjer den miljømessig håplaus same kor ein snur og vender på det. 

Takk

Eg har fått mange mail i løpet av dette året, og det har vore artig og inspirerande å ha kontakt med andre thinkere. Takk for alle mail! 

 

Køyrestatistikk 
Køyrelengd totalt
   snitt pr. dag
Lengste på ei lading
Lengste på ein dag

22 183 km
61 km
  86 km
155 km
Rekneskap 
Straum (ca)
Parkering    
Rekvisita     
Forsikring
Service/dekk
Reparasjon/vedlikehald
Ladeservice

Totalt


2 218 kr
 595 kr
170 kr
2 870 kr
0 kr
0 kr
1 350 kr

7 203 kr

Månadsrapportar

Første året vart det skrive rapportar for kvar måndad. Her kan du lese dei:

Oppsummering juli
Oppsummering august
Oppsummering sept.
Oppsummering okt.
Oppsummering nov. 
Oppsummering des.
Oppsummering jan. 
Oppsummering febr. 
Oppsummering mars
Oppsummering april
Oppsummering mai
Oppsummering juni